Region Bergen: På vegen i 11 kommunar

Rådgjeving til verksemdene i regionen har vore prioritert av Visit Bergen i 2021. Vi har vore på vegen i heile regionen gjennom heile året.


Ved utgangen av 2021 er 11 kommunar i tillegg til Bergen med i destinasjonsselskapet for Bergensregionen, Visit Bergen. Tysnes kom med i samarbeidet på nyåret, og Vaksdal vart fasa inn som medlemskommune mot slutten av året. Det vil seie at Visit Bergen sitt geografiske nedslagsfelt og arbeidsområde no strekkjer seg frå Tysnes og Austevoll i sør til Sognefjorden i nord og Modalen i aust. Dei deltakande kommunane i regionsamarbeidet er: Alver, Austevoll, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Tysnes, Vaksdal og Øygarden. Nordhordland Utvikling IKS fungerer som eit bindeledd i prosjektet.

Ann Kristin Schei har vore leiar for prosjektet i 2021, medan reiselivsdirektør Anders Nyland har hatt ansvaret for kontakten og dialogen med kommunane.



Visit Bergen på vegen
Visit Bergen har i 2021 brukt mykje tid på besøk hos reiselivsverksemder i regionen. Føremålet har vore å lede råd og kunnskap med verksemdene, samt å bli betre kjend med dei ulike tilboda i regionen. Totalt har med hatt 74 bedriftsbesøk i regionen i løpet av 2021.



Nettverk og auka kompetanse
Koronakrisa har redusert moglegheita for ulike treffpunkt. Likevel har det, situasjonen tatt i betraktning, vore eit høgt aktivitetsnivå for verksemdene i regionen.

Det er gjennomført tre digitale nettverksmøte og ein fysisk, regional reiselivskonferanse:
• Digitalt møte for reiselivet i Nordhordland 18. mars
• Digitalt informasjonsmøte for reiselivet i Austevoll og Tysnes 6. april
• Digitalt informasjonsmøte for reiselivet i Øygarden 7. april
• Regional reiselivskonferanse på Nordhordland Folkehøgskule 28.





Tema for desse har i stor grad handla om marknadstilpassingar knytta til pandemien og korleis ein utviklar et attrraktivt og berekraftig reiselivstilbod for framtida. Den fysiske konferansen vart laga i samarbeid med Region Nordhordland og Klar Bedrift.

Sjølv om året har vert prega av pandemien, har det også i 2021 vore satsa på kompetansehevingstiltak:
• Bærekraftskurs 25. – 27. oktober
• Vertskapskurs 7.-8. oktober og 23. november

I tillegg har Visit Bergen samarbeida med Øygarden Næringsutvikling om eit eige vekstprogram for reiselivsverksemder i Øygarden. Visit Bergen har bidrege både i prosessen med søknad om finansiering av programmet, og med fagleg innhald i sjølve vekstprogrammet.



Saman om marknadsføring av Bergensregionen:
Den store marknadsføringsinnsatsen i 2021 vart, som i 2020, retta mot norske familiar som skulle på ferie med bil, og som måtte feriere innanlands på grunn av koronaen. Inhaldsmarknadsføringskampanjen vart breitt distrubuert i eigne kanalar, delte kanalar og kjøpte kanalar. Det blei reklamert for Bergen og Bergensregionen som reisemål mellom anna i Schibsted sine digitale publikasjonar og andre nasjonale nettstader.

I 2020 blei COAST-brosjyra erstatta av ein ny og meir moderne brosjyre. Denne blei laga på både norsk og engelsk for å møte den norske sommarferiemarknaden. 11 turar er skildra. Det er ein QR-kode ved kvar tur i brosjyra, som leiar brukaren til eit digitalt kart og meir praktisk informasjon. Det er og lista opp overnatting (hotell, gjestehus/rorbu og camping), attraksjonar/musea, restaurantar og utsal av lokal mat. Brosjyra har og eit stort kart. Brosjyra er trykt i 50.000 eks, og er også i 2021 distruibuert hos medlemsverksmder og i Turistinformasjonen i Bergen. I 2021 er det dessutan laga ei ny kartbrisjyre som tar for seg fjordturar om vinteren.



Historiefortelling på Instagram
Sommaren 2021 brukte Visit Bergen ei veke på å formidle ei reise gjennom Bergensregionen på Instagram. Fem av sju dagar denne veka blei benytta til å formidle opplevingar fra regionkommunane rundt Bergen. Første stopp var Austevoll, der publikum blei tatt med på tur til Globen på Stolmen og dagsturhytta og utkikkstårnet på Loddo. Dei fekk og utforske Bekkjarvik med den hyggeleige parken, bademoglegheiter, og naturlegvis mat i verdensklasse på Bekkjarvik Gjestgiveri med påfølgande overnatting. Neste dag gjekk reisa vidare til Tysnes. Dagen starta med tur og utsikt fra Teiglandsnuten. På Mandelhuset fekk dei «smake» nydelieg reketallerken, før bilturen gjekk vidare til Årbakka, landhandelen E H Vaage og Haaheim Gaard. Frå eit øyrike til ett anna kjørte vi Øygarden på langs frå Hellesøy i nord til Panorama i sør. Aktiviteter og naturens krefter stod i fokus. Vi var innom hyggelege men vindfulle Hellesøy, så dei voldsomme kreftene i aksjon på Bølgekraftverket, og gjekk Russersteigen til Fjell Festning og såg på den nye kunstutstillinga der. Vidare vart det vatn som stod på programmet, med SUP på Glesvær og kajakk og boblebad på Panorama. Dei to siste dagane gjekk turen nordover til Austrheim og Gulen. Kielstraumen Brygge bød på kajakktur med ørn sirklande over hovudet og nydeleig sjømat, før turen gjekk videre til Vardetangen. På Skjerjehamn fekk følgjarane vere med på morgonbad, vandring i Blue Garden og anlegget til Firda Seafood. Også her fekk publikum visuelle smakebiter, som naturlegvis inkluderte den smakfulle sjølvrøyka ørreten.



I tillegg er ulike salgbare produkt i regionkommunane løfta fram i sjølvbetjente informasjonskioskar som er plassert i Turistinformasjonen.



VisitBergen.com
Nettsidene www.visitbergen.com har gjennom 2021 fått nytt innhald, og innhaldet som vart utvekla året før er oppdatert. Ulike tilbod i regionen er i langt større grad tatt med mange plassar i Visit Bergen sitt digtale innhaldsunivers. Ikkje minst er regionen med i ei rekke reklamefilmar om alt frå lokal mat til inspirasjonsfilmar for jentetur og guttetur med tilhøyrande artiklar som denne som har vore promotert i 2021.

Kart er ein viktig reiskap for turistar for å orientere seg på ein destinasjon. Dei fleste som vitjar vår destinasjon, også kortreiste besøkande, veit lite om geografien til destinasjonen før dei kjem. Samstundes ønskjer fleire å utforske destinasjonen på eige hand, gjerne med bil. På grunn av pandemisituasjonen, satsa Visit Bergen også i 2021 særleg på informasjon til bilferierande. Mellom anna nytta vi kartverktøyet Alpaca Travel mot eit lokalt og nasjonalt publikum, til dømes for å gje informasjon om kor ein finn lokal mat.

I 2021 er det dessutan laga inspirasjonsartiklar som fortel om tilbodet i regionen rundt Bergen, blant anna fleire tips om flotte turmoglegheiter, som dette dømet frå Nordhordland. En har og presentasjonar av lokale medlemsverkemder. Presentasjonane er laga på same måte som desse eksempla frå Mandelhuset, Alver Hotel, Glesvær Kafè og denne båtturen frå Bergen til Bekkjarvik